Om
Det er på tide å fortelje.
«Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama» NRK
Lesaraane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet med 70.000 selde eksemplar av romanen. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.
Sagt om boka:
«Intet mindre enn en drivende god og ubehagelig litterær thriller.» - VG
«Noe av det beste Tore Renberg har skrevet» - Aftenposten
«Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama." - NRK
«Et mannsportrett, en tragisk familiehistorie, en kulturkritikk, en vakker bok om kjærligheten» - Nettavisen
«Blir sikkert ståande som ein av dei store i Tore Renbergs forfattarskap» - Bok 365
Regien for sceneversjonen er ved Heddapris-vinnar Miriam Prestøy Lie. Musikken er ved Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora.
På scenen
Andrine Sæter, Kyrre Eikås Ottersen, Malene Wadel, Harald Nødtvedt og Stian Isaksen-Gihle
Team
Dramatiker: Tore Renberg. Regissør: Miriam Prestøy Lie. Scenograf og kostymedesigner: Milja Salovaara. Lysdesigner: Martin Myrvold. Komponist og lyddesigner: Selma Frida Stang. Dramaturg: Cecilie Grydeland Lundsholt. Produsent: Silje Vigerust Vinjar
Av Tore Renberg
Produsert av Teater Vestland og Riksteatret